Ny spelar: Henrik Byklum er klar for Lysekloster.

Lysekloster signerte spelar frå Fram Larvik

Henrik Byklum (21) har signert.

— 21-åringen var ein nøkkelspelar under cupeventyret til Fram Larvik i fjor, skriv Lysekloster Idrettslag på Facebook, der dei opplyser om signeringa av Byklum.

I tillegg til Fram Larvik, der Byklum til saman har spelt 52 kampar, har spelaren ei fortid i Start, Fløy og Randesund.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Han har også aldersbestemte landskampar for Norge, skriv Lysekloster Idrettslag som ønskjer 21-åringen velkomen til klubben.