Kokevarsel: Innbyggjarane i Strandvik, på Vinnes, Skjørsand og Fusa må koka drikkevatnet til over helga.

Må koka vatnet til over helga

Innbyggjarar på Fusa, Vinnes og i Strandvik må koka vatnet til over helga.

Torsdag kveld sende Strandvik og Vinnes vassverk ut kokemelding til sine brukarar i dette området. Også Skjørsand og Fusa vassverk har sendt ut kokevarsel. Her gjeld varselet frå og med i dag (fredag).

– Både me og Skjørsand og Fusa vassverk får vatnet vårt gjennom same reinsestasjon, så det er naturleg at når eit problem oppstår, så blir me begge råka, seier leiar i Strandvik og Vinnes vassverk, Geir-Atle Abotnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det tidlegare i veka vart funne eit lite utslag på enterokokkar på Fusa, og at det inntil nye prøvar er blitt evaluerte, vil vera best å koka drikkevatnet i desse områda.

– Det er litt «føre var» dette. For å vera heilt sikker rår me altså brukarane våre til å koka drikkevatnet til over helga, så vil me koma med ei ny melding så snart me har fått svar på prøvane me no har teke, avsluttar Abotnes.