Trafikkontroll: Politiet stilte seg opp på Byvegen ved Os barneskule og Os Næringspark kring klokka 13.30 onsdag for mellom anna å sjekka om sjåførane klarte å halda fingrane borte frå telefonen under køyring.

Må ut med 7.450 kroner etter å ha blitt ferska av politiet

Onsdag ettermiddag hadde politiet trafikkontroll ved Os barneskule.

Ved inngangen på fjoråret auka bøtesatsane frå 1.700 kroner til 5.000 kroner og tre prikkar ved mobilbruk bak rattet.

Det skulle berre gå om lag eitt år før satsen nok ein gong gjekk opp. Frå 1. mars måtte ein nemleg ut med heile 7.450 kroner om ein blei ferska med handhalden mobil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag stilte politiet seg opp på Byvegen ved Os barneskule, for å mellom anna sjekka om sjåførar brukte mobil under køyring. Det resulterte i eitt forenkla førelegg.

Sjåføren må ut med 7.450 kroner og får tre prikkar på førarkortet, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.