Nytt parti: Tidlegare Frp-politikar Magne Djuvik har meldt seg inn i Partiet De Kristne. Foto: Camilla Kvamme

Magne Djuvik melder seg ut av Frp og inn i Partiet De Kristne

Det kjem fram i ein epost sendt til ordførar Trine Lindborg og Bjørnafjorden kommune måndag.

Magne Djuvik har «skrive under» på eposten som gruppeleiar for Partiet De Kristne.

Les også
Djuvik melder seg ut: – Dropen var då Frp sentralt gjekk inn for forbod mot homoterapi

– Eg melder med dette frå om at eg har meldt meg ut av av Frp og inn i Partiet De Kristne. Eg vil resten av perioden representera Partiet De Kristne i Bjørnafjorden kommunestyre, skriv Djuvik.

Les også
Slik reagerer Gustav Bahus på Magne Djuvik si utmelding