50-sone: Laurdag kveld blei det gjennomført laserkontroll i 50-sone. (Illustrasjonsfoto)

Målt til 85 km/t i 50-sone. Samtykte ikkje til førarkortbeslag

Politiet hadde laserkontroll laurdag kveld.

Laurdag kveld blei det gjennomført laserkontroll i 50-sonen på Lepsøyvegen. Det blei skrive ut fem forenkla førelegg på grunn av for høg fart.

– Under same kontroll blei det gjort eit førarkortbeslag. Ein mann i 20-åra blei målt til 85 km/t i 50-sonen. Mannen er meldt. Han erkjente forholdet, men samtykte ikkje til førarkortbeslag, opplyser vakthavande.