Ny bølgje: – Det er rimeleg sikkert at det kjem ei ny bølgje korona utover vinteren, seier Klaus Melf.

Mange i risikogruppa manglar boosterdosen: Åtvarar mot å ta for lett på det

Under halvparten i risikogruppa har teke boosterdosen sin. Kommuneoverlege Klaus Melf åtvarar mot å ta for lett på det.

Med krigen i Ukraina og økonomiske utfordringar på fleire plan, har pandemien vore mindre framme i media det siste halve året. Det betyr ikkje at koronaen er borte.

Ifølgje ekspertane kan me venta oss ein ny runde utover vinteren. Då er det viktig at dei som er i fare for å bli skikkelege sjuke, er rusta for å takla viruset.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er litt urovekkjande, det me har sett i haust. Me hadde to massevaksineringsdagar i Os idrettshall. Oppmøtet var svært dårleg og me fann fort ut at tilbodet ikkje var økonomisk forsvarleg, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Føre var

I samråd med FHI sine tilrådingar, oppmoda kommunen i haust dei over 65 år og dei som har underliggjande sjukdomar, til å ta ein fjerde boosterdose med koronavaksine. Til no er talet på dei som har teke oppfordringa, lågt.

— Kring 3.000 har fått sin fjerde dose. Det utgjer litt under halvparten av gruppa, fortel Melf.

Han håpar fleire følgjer oppmodinga fram mot jul.

— Me veit at smitten kan vera på veg opp. Ei ny bølgje vil koma i vinter. Då er det særs viktig at folk som har noko svakare immunsystem, er rusta, slår han fast.

— Kvifor trur du folk har venta med denne dosen?

— Det trur eg har mykje med at koronaen ikkje er blitt så mykje omtalt som tidlegare. Det blir litt sånn «ute av syne, ute av sinn». Folk er ikkje så opptekne av det lengre, og når ein ikkje har merksemd på ting lengre, gløymer ein kanskje å vera føre var, trur Melf.

— Men det vil løna seg?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Absolutt. Det trur eg ingen vil angra på. Vaksinen er effektiv mot BA5-varianten, som er den mest utbreidde akkurat no.

— Kvar får ein fjerdedosen?

— No kan dei i nemnde gruppe få dose fire anten hos fastlegen sin eller på eit apotek.