Mann i 20-åra gripen etter bustadbrann i Os

Sju personar blei evakuerte då det starta å brenna i ein firemannsbustad i Prestegardskogen nyttårsaftan. Ein mann i midten av 20-åra er mistenkt for å ha starta brannen.

Det var klokka 22.40 at det blei meldt om bustadbrann i Prestegardskogen. Politiet og brannvesenet var raskt på staden.

– Det var ingen heime i leilegheita då det starta å brenna, men det var folk heime i dei andre bustadene. Sju personar blei evakuerte. Leilegheita har fått store røyk- og vasskadar, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl Mikkelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel Mikkelsen at eit vindauge var knust og at det ser ut som at nokon har fyrt opp fyrverkeri inn i bustaden. Etterforsking gjorde at politiet starta å søkja etter ein namngjeven mann i 20-åra.

– Kva var det som gjorde at de såg etter denne mannen?

– Det er ein relasjon og ein historie bak, utan at eg vil gå i detalj i dette. Mannen blei funnen på ei adresse i Os kring midnatt, fortel Mikkelsen.

Varabrannsjef Erik Walden fortel at brannvesenet blei varsla «i grevens tid».

– Om vi hadde fått meldinga berre litt seinare, kunne det fort ha vore snakk om bygningsbrann i staden for brann i den eine leilegheita. Det brann i den eine leilegheita oppe. Denne har fått store røyk- og vasskadar. Leilegheita under har fått mindre vasskadar, fortel han.