Ferska: Ein mann skal ha blitt dokumentert medan han køyrde vinglete på E39 Halhjemsvegen søndag. Illustrasjonsfoto.

Mann samtykte ikkje i førarkortbeslag, men ifølgje politiet har han ei dårleg sak

Politiet skal ha følgd etter ein sjåfør som køyrde vinglete og til tider var over i motsett køyrefelt på E39 Halhjemsvegen.

Søndag skal politiet ha observert ein bil på Halhjemsvegen som tidvis var over i motsett køyrefelt. Politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland, fortel at føraren kjende seg att i skildringa av køyringa.

— Han skal ha vore ukonsentrert då han følgde med på GPS. Køyringa skal ha vore såpass gale at patruljen vel å melda han for det. Det er konferert med jurist og det er oppretta sak. Mannen, som er i 70-åra, samtykte ikkje i førarkortbeslaget, fortel Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Er dette blitt ei sak ut frå observasjonar gjort av publikum?

— Eg veit ikkje om det var meldingar som i utgangspunktet gjorde patruljen merksam på bilen, men politiet har sjølv køyrd bak bilen. Patruljen har også filma delar av køyreturen, fortel Birkeland.