Mann skadd i arbeidsulukke

Ein mann i 40-åra er køyrt til Haukeland etter ei arbeidsulukke i Industrivegen.

Mannen fekk ein løftebukk over seg like etter klokka 8.30 i dag tidleg.

Han var bevisst og oppegåande då ambulansen kom til staden. Manenn vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus.

Politiet har vore på staden og avhøyrt vitner. Det er oppretta sak på hendinga.

anne-marie@osogfusa.no