(
(

Mann skal ha utøvd vald mot politiet

Det var tidleg på morgonen 17. mai, at det oppstod ein situasjon mellom ein mann og politiet i Kolskogen.

– I 05.00-tida skulle patruljen kontrollera ein mann. Då blei han vanskeleg, seier fungerande politioverbetjent, Thomas Juulseth.

Mannen, som er i starten av 20-åra, blei køyrd i arresten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han vil bli meldt for vald mot politiet, fortel Juulseth.

Ikkje mogleg å få kontakt med

Tidlegare natt til 17. mai, blei politiet tilkalla, til det same området. Då til ein fest ved Ulvenvatnet. Ein person i 20-åra skal ha fått i seg narkotika, og var ikkje mogleg å få kontakt med.

– Hadde denne personen frivillig brukt narkotika, eller blitt dopa ned?

– Det er ikkje grunnlag for å seia noko anna enn at dette var med vilje. Vedkomane blei teken hand om av helsevesenet.