Stoppa bilist: Ein mann i 50-åra blei laurdag tatt for promillekøyring. Illustrasjonsfoto.

Mann som ikkje har lov til å køyra bil i Noreg blei tatt for promillekøyring

Dette er ikkje første gong at mannen i 50-åra er tatt for noko slikt.

Klokka halv eitt laurdag ettermiddag, stoppa politiet ein mannleg bilist på Moberg. Føraren blåste raudt.

— Det var godt over lovleg verdi. Vi går ikkje ut med nøyaktig kva alkometeret viste, fortel trafikkansvarleg ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Sindre Hallem.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva var årsaka til at de stoppa denne mannen?

— Det var patruljen som stoppa han. Det var ikkje tips frå publikum denne gongen. I stor grad var det ein tilfeldig kontroll. Det viste seg at denne personen er stoppa for det same tidlegare, og han har difor ikkje lov til å køyra bil i Noreg. Mannen er frå eit anna land, men bur her, fortel Hallem.