Førarkort-beslaget vart gjort i ein kontroll ved Ulven leir.

Mann tatt for råkøyring på Ulven onsdag kveld

Utrykkingspolitiet (UP) stilte seg opp ved Ulven leir onsdag. Der ferska dei mange som var for harde på gasspedalen.

Politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand, fortel at det var UP som gjennomførte trafikkontrollen i 50-sona ved Ulven leir onsdag kveld.

– Dei starta kring klokka 18.40. Resultatet av kontrollen, blei fem forenkla førelegg. I tillegg blei eitt førarkort beslaglagt, fortel Lyssand og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han som fekk førarkortet beslaglagt skal ha køyrd i 82 km/t. Altså 32 km/t over fartsgrensa. Sjåføren er i slutten av 30-åra. Han samtykka til førarkortbeslag.