Arbeidsulukke: Ein mann skada seg i samband med noko arbeid fredag føremiddag, og måtte til legevakta.

Mann til legevakta etter arbeidsulukke

Politiet og ambulanse rykte ut på melding om arbeidsulukke fredag formiddag.

På Twitter opplyser Vest politidistrikt om at dei har fått inn melding om ei ulukke på ein arbeidsplass i Fusa-området. Det skal vera snakk om ei klemskade.

Lensmann Terje Sperrevik stadfestar hendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ulukka skjedde klokka 09.38. Det er ein mann som har fått ein finger eller fingrar i klem. Han kom seg til legevakta for eigen maskin, seier Sperrevik.