Busslomme: Bilen vart flytta til ei busslomme og brannvesenet fekk sløkt brannen. (Illustrasjonsfoto)

Fri ferdsel på E39 etter bilbrann

Måndag morgon vart det meldt om brann i bil på E39 på Vallaheiane - ved krysset ned til Kyrkjebyrkjeland.

Trafikken stod i begge retningar etter at det oppstod brann i motorrommet på ein varebil. Det er ikkje meldt om personskader, og varebilen skal ha vore tom for varer.

Naudetatar kom til staden og fekk kontakt med bilførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilen vart flytta til ei busslomme og brannvesenet fekk sløkt brannen.

Like før kl 8 vart det opna for manuell dirigering, og redningsbil var rekvirert.

Vel kl 9 melde politiet på Twitter at det var fri ferdsel på vegen.