Lekkasjesøk: Kommunens tilsette dirigerer trafikken forbi Jordmorsvingen.

Har funne lekkasjen: Stengjer vegen i ettermiddag

Det må gravast i fylkesvegen etter vassleidningsbrotet onsdag morgon.

Frå klokka 16.30 blir Byvegen stengt i begge retningar ved Jordmorsvingen. Stenginga vil vara fram til skaden er utbetra.

Det vil vera dirigering av trafikk på staden. Skyss og naudetatane er varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette skjer etter at lekkasjesøkarane frå Bergen Vann har lokalisert eit vassleidningsbrot under fylkesvegen.

— Det er vanskeleg å seia kor lang tid det vil ta. Det kjem an på grunnforholda, seier Agnete Haugland, leiar på Samferdsle & VA i Bjørnafjorden kommune.

Arbeidet vil pågå utover kvelden, og det er Løvaas Maskin som står for gravearbeidet.

Det pågår også graving ved vassleidningsbrotet i Midtskogvegen, der ein har arbeidd seg ned til sjølve leidninga.

— Vi er eit stykke unna å vera ferdige, men vi er i alle fall nærmare der enn i Byvegen.

Haugland opplyser vidare at kommunen har teke vassprøver frå sentrum som er sendt til analyse. Desse vil ein få svar på torsdag føremiddag.

Manuell dirigering

Frå om lag klokka 13 har Byvegen periodevis vore stengd ved Jordmorsvingen.

Stenginga har samband med leidningsbrotet i dag tidleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Dagen går i alle fall med før dette er ordna
Les også
To akutte vassleidningsbrot i sentrum. Fleire manglar vatn

Bergen Vann har drive lekkasjesøk i fleire timar, og folk på staden har bokstaveleg tala lytta seg fram til punktet for vassleidningsbrot.

Brotet ligg i bakken mellom fotgjengarfeltet ved Nuen-huset til dei kommunale bustadane eit par hundre meter lenger nord i retning Bergen.

Jordmorsvingen: Ein eller annan stad under bakken her er det ein lekkasje.