Måtte hentast opp av redningsbil

Ein mann i ein personbil køyrde utfor vegen ved Hegglandsdalen barneskule torsdag ettermiddag.

Mannen, som ifølgje vitne var relativt ung, kom etter det Os & Fusaposten kjenner til frå det utan nemneverdige skadar. Bilen derimot fekk seg nok ein trøkk etter å ha hamna godt ned i grøfta.

To redningsbilar var på plass for å hjelpa med å få bilen opp. Då klokka var 18.00 var bilen på plass på ein av redningsbilane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brøytemannskap på staden melder om mykje, fuktig snø og svært glatte vegar. Dei ber folk køyra forsiktig.