Krangel og truslar: Politiet måtte torsdag rykka ut då det oppstod krangling og truslar. Ein mann blei gripen etter hendinga.

Måtte rykka ut då ein mann trua andre med eit skrujern

Krangelen mellom «kjenningar» av politiet eskalerte til truslar. Då rykte politiet ut.

– Det torsdag kveld at fleire kjenningar av politiet krangla seg i mellom. Det var totalt fire menn involvert. To av dei fornærma part i saka. Det skal ha kome verbale truslar og éin skal ha trua med eit skrujern. Patruljen kom til staden og fekk roa ned situasjonen. Ein mann blei gripen etter hendinga, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Tre av mennene som var involvert i hendinga, er fødd på 1970-talet. Dei tre skal vera kjenningar av politiet. Lyssand fortel at den fjerde personen som var involvert, er fødd på 1950-talet, og er ikkje ein kjenning av politiet.