Laserkontroll: Her stod Utrykkingspolitiet (UP) med laser laurdag kveld.

Må ut med nesten 11.000 kroner etter å ha køyrd for fort her

Politiet tok også førarkortet til ein sjåfør grunna tal prikkar.

Laurdag klokka 18 gjennomførte UP promillekontroll ved Mobergsbakken. Her skal det ha vore 80 kontrollerte, og ingen reaksjonar frå politiet.

Nokre timar seinare, hadde UP flytta seg opp på E39. Der hadde dei laserkontroll i 21-tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det resulterte i elleve forenkla førelegg der den med høgast fart blei målt til 112 km/t i 80-sona, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Om ein køyrer i 31-35 km/t over fartsgrensa, der ho er 70 km/t og høgare, får ein 10.850 kroner i bot.

Vidare opplyser politiet at éin sjåfør, ein mann i 30-åra, er meldt grunna tal prikkar i førarkortet.

— Førarkortet blei beslaglagt.