MC-velt: Ulukka skal ifølgje meldinga frå politiet ha funne stad i Sævareid.

MC-førar har køyrt i fjellveggen og velta

Klokka 14.44 meldte Vest politidistrikt om ei MC-ulukke i Sævareid.

MC-føraren skal ifølgje Twitter-meldinga vera vaken og snakkar.

– Føraren har ein del smerter. Det var ingen andre involverte i ulukka. Politi og ambulanse er på veg, heitte det i meldinga frå politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort tid seinare skriv politiet at føraren, ein mann i 50-åra, er oppegåande, men at han vert køyrt til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse.

– Ulukka skjedde i ei 50-sone. Det er ingen mistanke om at sjåføren var påverka av noko, er beskjeden i frå Vest politidistrikt.

Motorsykkelen ligg i vegbana, men det er fullt mogleg for annan trafikk å passera forbi ulykkesstaden.