Bjørn T. Bøe og Nils-Anders Nøttseter sette eit grønt preg på kommunestyret i kveld.
Bjørn T. Bøe og Nils-Anders Nøttseter sette eit grønt preg på kommunestyret i kveld.

MDG fekk kommunestyret med på offensiv kamp mot plast

Nils-Anders Nøttseter og Miljøpartiet kunne i kveld innkassera ein stor siger i kampen mot den lokale plast-ureininga.

Miljøpartiet avslutta sesongens siste kommunestyre med ein interpellasjon der rådmannen vart beden om å laga ei sak om korleis bruken av plast kan reduserast i kommunen.

– Det er på tide å gå frå ord til handling, om me skal unngå at det i 2050 er meir plast enn fisk i hava, sa Nøttseter frå kommunestyrets talarstol, og viste til at 8 millionar tonn plastavfall hamnar i havet kvart år. Han viste også til at norsk institutt for vannforskning fann mikroplast i 4 av 5 blåskjel langs kysten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her i rådhuset har me ei ny og flott kantine, men likevel står det plastkoppar på bordet der borte, peikte Nøttseter.

Kappløp om å vera mest miljøvenleg

Han hadde ei rekkje konkrete forslag til tiltak (Heile interpellasjonen kan lesast her), og innlegget hans førte til ein spontant diskusjon i kollegiet der politikarane meir eller mindre kappast om å gå lengst i miljøvenleg retning. Gisle Hesjedal (Ap) viste mellom anna til nabokommunen Austevoll sin visjon om å bli plastfri i 2025.

Fleirtalet var ikkje klar for å gå så langt, og ordførar Marie Bruarøy viste mellom anna til at det kanskje ville vera uklokt å totalforby plasten.

– Tenk om det til dømes viser seg – gjennom vårt pågåande arbeid med å laga ny klimaplan – at det er meir miljøskadeleg med den auka bruken av oppvaskmaskin eit totalforbod mot eingongskoppar vil medføra? sa ordføraren.

Ho poengterte difor at det var viktig at arbeidet med den nye klima- miljø og energiplanen kom på plass først, slik at dei spørsmåla kunne finna sine svar.

Ordførarens alternative framlegg

Ordførar Marie Bruarøy føreslo med bakgrunn i dette eit alternativt framlegg til vedtak, der ho også gjekk eit steg lenger: «Os kommunestyre ber rådmannen leggja til rette for ei offensiv satsing for reduksjon av plast i det vidare arbeidet med klima-, miljø- og energiplanen (KLEM). Os kommune, skal ta sikte på å bli klimapartnar, og driva aktivt haldningsskapande arbeid.»

Nils-Anders Nøttseter (MDG) valde å trekkja sitt framlegg til vedtak, etter å ha høyrt ordføraren sitt vedtak.

– Eg har til og med gått til val på å at Os kommune skal bli klimapartnar, så dette kan eg heilhjarta støtta, sa Nøttseter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å vera klimapartnar går ut på å bli medlem av eit nettverk av private og offentlege instansar som har som mål å redusera klimagassutslepp, og stimulera til grøn samfunns- og næringsutvikling.

– Eg har vore med på ein del samlingar i regi av Klimapnartnere og der får ein gode og enkle miljøtips, som samtidig gjer at ein kan spara pengar, sa Bruarøy.

Samrøystes vedtak

Dette var som musikk i øyro på fleire av representantane, og det alternative framlegget frå ordføraren fekk samrøystes tilslutning frå kommunestyret. Rådmann Christian Fotland leverte i tillegg ein god kandidat til årets kommentar etter å ha fått spørsmålet om det finst sugerøyr i kommunen: «Berre i statskassa», kom det kontant frå rådmannen.

Her kan heile interpellasjonen til Nøttseter lesast.

ol@osogfusa.no