Testa løypa: For å få bilete til saka, tok røykdykkarane Stian Johannessen (45) og Kalle Pedersen (47) på seg utstyr og sprang nokre meter. Sistnemnde kjem til å stilla til start laurdag, medan Johannessen er i tenkeboksen.

Med 18 kilo tungt utstyr, skal dei konkurrera opp Likbrekko: — Det er for ei god sak

I (nesten) fullt røykdykkingsutstyr, skal tilsette i brannvesenet og politiet konkurrera opp Likbrekko — den bratte bakken ved Fjellheim.

— Det ser ut til at politiet truleg vil springa i sitt eige utstyr. Vi må finna ein måte å gjera konkurransevilkåra like. Vårt utstyr er på vel 18 kilo. Politiet har også tungt utstyr, men eg trur ikkje det er like tungt, seier varabrannsjef Erik Walden (52) og smiler.

Laurdag 27. august går Bondens Dag av stabelen i Os sentrum. Her vil Bjørnafjorden brann og redning stilla med stand og brannbil. Der står dei til kring klokka 15. Då startar løpet opp Likbrekko. Det er Walden som står bak initiativet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi arrangerer i samarbeid med “Brannmenn mot kreft”. Dei jobbar for å førebyggja kreftrisiko og opplysa om kreftfaren i yrket vårt. Løpet skal setja fokus på brannfolks helse og dei krevjande situasjonane vi ofte kjem ut for, seier Walden.

Fokus på viktig sak: Dei tilsette i brannvesenet vil springa med rosa trekk på tankane.

— Bør springa dobbelt så fort som meg

Fredag snakka avisa med tilsette i Bjørnafjorden brann og redning ved løypa. Der kom det fram at Walden spring denne vegen kvar dag til jobb.

— Han har ikkje akkurat snakka seg sjølv ned i forkant. Heller motsett, seier André Holmefjord Solbakken.

— Med tanke på alder, bør jo du springa dobbelt så fort som meg, seier Walden til Solbakken.

Av dei fem som stilte frå brannvesenet fredag, vil tre av dei heilt sikkert springa neste laurdag.

— Eg har også fått indikasjonar frå fleire i Bergen brannvesen om at dei stiller. Atle Birkeland (politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon journ.mrk.) har også invitert politi frå Tysnes og Austevoll. Det blir spanande å sjå kor mange vi blir, seier Walden.

Håpar på stort publikum langs løypa: André Holmefjord Solbakken (26) og Erik Walden (52) skal begge ta del i konkurransen. Tobias Kristensen (36) er bortreist då. Brannvesenet håpar at det blir eit stort publikum ved løypa neste laurdag.

Får lov til å springa i joggesko

Det er eit alvorleg tema som ligg til grunn for løpet, men sjølve konkurransen håpar Walden blir kjekk og morosam for alle involverte. Dei håpar at så mange publikumarar som mogleg finn vegen til løype-området laurdag om ei veke.

— Det hadde vore utruleg kjekt om publikum kunne “kle inn” løypa. Vi startar ved Sprek og Blid. Målgang er på Moberg, på toppen av Likbrekko, seier Walden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve løypa er 650 meter lang, og det er relativt bratt. Dei som skal ta del i konkurranseklassen, må ha på seg brannvesenets utrykkingstøy og røykdykkarapparat utan pusteluft. Det er ikkje krav om å bruka hjelm, og ein kan springa i joggesko.

— Eg tenkte først at vi skulle ha eit krav om støvlar, men det blir kanskje litt greiare å springa i joggesko, seier Walden og ler.

Årsaka til namnet skal vera at eit likfølgje ein gong i tida gjekk denne vegen, og at “lasten” blei mista ned skråninga.

— Det blir også sagt at liket aldri blei funne, men det tvilar eg på at kan stemma, seier Walden.

Kalle Pedersen er i gang med eit noko spesielt prosjekt som skal ferdigstillast til konkurransen. Midt i løypa kjem det til å stå ei likkiste.

– Eg jobbar med saka. Det blir av gamalt tømmer, og laga i «western-stil», seier Pedersen.

Brannbamsen Bjørnis kjem

Det er ein eigen klasse for dei som ikkje ønskjer å ta del i konkurranseløpet.

— Dei kan springa fritt. Ein må heller ikkje springa. Det er lågterskel. Det skal vera show og ein morosam dag. Etter at vi er ferdige, blir det premiering på brannstasjonen, før vi har ei sosial samling på kvelden, seier Walden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannbamsen Bjørnis har takka ja til invitasjonen, og kjem for å dela ut is til publikum. Walden fortel også at han har fått napp hjå sponsorar, som Isbjørn Is og Kiwi Moberg.

— Sparebanken Vest blir hovudsponsor. Dei stiller også med målsegl frå tunnelløpet. Vi får låna telt frå Hallgruppen. Os Friidrett sponsar med startnummer og tidtakingssystem, og dei stiller med ein person som står for tidtaking på sjølve dagen. Dei som syt for branntøyet vårt, bidreg også. Sprek og Blid vil stå for oppvarmingsøvingar på staden. Konferansieren er ein tidlegare kollega av meg, Hugo Hansen frå Bergen brannvesen, seier Walden.