Melder om akutt vassleidningsbrot

Raskt tilbake: Forsikrar at dei jobbar så raskt dei kan for å få vatnet tilbake. Foto: Colourbox

Kan gi brot på vassforsyninga i fleire område.

– Vi har eit akutt vassleidningsbrot i Skeisstøa. Dette kan gi brot på vassforsyninga i fleire tilsluttande område. Røyrleggjar er på plass og utbetring er i gang, melder kommunen torsdag føremiddag.

Dei forsikrar at dei jobbar så raskt dei kan for å få vatnet tilbake.

– Etter utbetringa kan vatnet vera misfarga. Tapp då med kaldt vatn til det er klart, er oppmodinga.