Arbeidsulukke: Politi og ambulanse rykte ut til Søre Øyane i føremiddag etter det som vert omtala som ei arbeidsulukke.

Arbeidsulukke i Søre Øyane. Person køyrt til Haukeland

Politiet er på staden og gjer undersøkingar.

Det går fram av ei melding frå Vest politidistrikt.

– Politiet er på veg til Søre Øyane i lag med ambulanse. Det er truleg snakk om eit fall, heiter det i meldinga som vart lagt ut klokka 11.22.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt kvarter seinare vert det opplyst at politiet er på staden og gjer undersøkingar.

– Bekrefta fallulukke. Vedkomande er vaken og bevisst og teken med til Haukeland i ambulanse, skriv politiet.

Like før klokka 12 avslutta politiet på staden.

– Det vert oppretta sak på arbeidsulukke. Fall frå lasterampe. Ulukka skal ha skjedd i samband med avlasting, vert det opplyst.