Mykje røyk: Meldinga til politiet like før kl 17 laurdag ettermiddag gjekk på at det var brann i ein altan, og at det var mykje røyk.

Brannvesenet har kontroll etter brann i bustad

Det er ikkje meldt om personskader etter brannen på Søfteland laurdag ettermiddag.

Meldinga til politiet like før kl 17 laurdag ettermiddag gjekk på at det var brann i ein altan, og at det var mykje røyk.

Vel kl 17 melde politiet at det ifølgje brannvesenet på staden at det også var mogleg at det brann i taket og at dette vart undersøkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om lag ein halv time etter vart det opplyst at det ikkje var snakk om personskader, men at det var ukjend skadeomfang på huset.

Politiet var like før kl 19 ferdig på staden.

– Sannsynlegvis har brannen oppstått i samband med bruk av ein utepeis, opplyser dei på Twitter.