Ulukke: Torsdag kolliderte tre køyretøy på Røykenes.

Tre bilar kolliderte. Dei involverte vart sett til av ambulansepersonell

Ulukke torsdag føremiddag.

Politiet melde torsdag føremiddag om ei ulukke på Røykenes på E39, ved ErAn veikro. Fire personar skal ha vore involverte.

Først kom det melding om at det var ein varebil og personbil som hadde kollidert. Like etter kom det opplysningar om at ein tredje bil også var involvert i ulukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle skal vera bevisste og ingen fastklemte, opplyste politiet.

— Tre bilar involverte. Alle køyrde i retning Bergen. Slik det ser ut no, har den første bilen i rekkja bremsa ned for å svinga av til bensinstasjonen. Bil nummer to i rekkja har fått med seg dette, men ikkje det tredje køyretøyet, fortalde operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Han kunne på dåverande tidspunkt ikkje kommentera ytterlegare kring hendinga.

— Vi får inn tilbakemeldingar frå patrulje på staden no.

Det blir vidare opplyst at ein av førarane er ein mann i 60-åra, og at ein av dei andre er ei kvinne i 30-åra. Bilførar nummer tre, hadde politiet ikkje informasjon på i skrivande stund.

Oppdatert klokka 12:50: Politiet har samla alle involverte. Dei blir sett til av helse på staden. Bilane er fjerna og trafikken går som normalt.

Det blei seinare opplyst at to av dei involverte blei sett til av ambulansepersonell, og at dei framstår uskadde.

Politiet skriv på Twitter at førarane sjølv ordna med skademelding og tilkalla bilbergar. Bergingsbil blei bestilt til to av dei involverte køyretøya.