Dynking: Bjørnafjorden brann og redning er på staden og driv med dynking av terrrenget. Os & Fusaposten kjenner ikkje til kor i Gamlevegen brannen er.

Melder om kontroll etter røykutvikling i Gamlevegen på Søfteland

Samtidig som faren for gras- og lyngbrann er heva til oransje nivå, kjem nyhenda om røyk frå terrenget på Søfteland.

Klokka 14.24 melde 110 Vest på Twitter at det var observert røyk frå terrenget på Søfteland.

Dermed rykte Bjørnafjorden brann og redning ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

No nettopp melder dei at det er kontroll på staden og at brannvesenet bistår med å dynka området.

Meteorologisk Institutt heva tidlegare i dag farenivået for gras- og lyngbrann frå gult til oransje nivå.