På veg: Politi og brann rykte ut.

Fekk melding om røykutvikling frå tomannsbustad - sette i gang evakuering

Kring kl 11 kom det melding om røykutvikling frå bustad i Lerkevegen på Søfteland.

Politiet og øvrige naudetatar rykte ut til staden.

Røyken kom frå to tomannsbustader som heng saman - til saman fire bueiningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Patruljen gjekk i gang med å evakuera bebuarar. Det er uvisst kor mange personar som var i bustadene.

Røykutviklinga vart opplyst å berre koma frå ei av leilegheitene og røykdykkarar vart sendt inn i leilegheit.

Oppdatert kl 11.24: Brannvesenet melder at brannen er sløkt.

Brannvesenet opplyser at dei har sløkt ein brann i ei vaskemaskin. Det pågår utlufting.

Ein person er oppgitt å vera bebuar i den aktuelle leilegheita. Han var ikkje tilstades då brannen oppstod, men er no komen til staden.

To personar frå naboleilegheitene vart evakuerte.

Det er ikkje meldt om personskadar.