Ulukkesstaden: Ulukka har skjedd like ved innkøyringa til Bjørnafjorden golfklubb. Foto: Jostein Halland

To bilar involverte i trafikkulukke i Hatvikvegen

Ulukka har skjedd like ved innkøyringa til Bjørnafjorden golfklubb.

Politiet meldte like etter kl 14 måndag ettermiddag om ei trafikkulukke i Hatvikvegen.

Naudetatane er på staden. To bilar skal vera involverte. Skadeomfanget er ukjend, men alle personane er ute av køyretøya.

Ulukka har skjedd like ved innkøyringa til Bjørnafjorden golfklubb.

Brannvesenet melder like etter kl 14.30 at det berre er snakk om mindre skadar, og at brannmannskapet er på retur.