Melding om båt som låg under vatn midt i Lysefjorden

Politiet ønskjer å koma i kontakt med eigar.

Det var søndag 12. juli at politiet fekk melding om ein båt som låg under vatn midt i Lysefjorden, mellom Nordstrøno og Krokeide. Politiet ønskjer å koma i kontakt med eigar av denne båten, og få kjennskap til observasjonar av fartøyet.

Politioverbetjent Christine Grindstein, opplyser at ein kan ta kontakt med Bjørnafjorden lensmannskontor på 56 30 39 00 eller operasjonssentralen på 55 55 63 00, om ein har opplysningar.

Artikkelen held fram under annonsen.