Politi og brann: Politi og brann rykte ut til staden.

Fekk melding om brann i 19 fots båt. Frykta ei stund at det kunne spreia seg

Båten stod på hengjar ved rekkehusbebyggelse.

Det opplyser 110 Vest på Twitter.

Naudetatar rykte laurdag ettermiddag ut til Skeismyra på Nore Neset, der det var fyr i ein båt som stod på ein hengjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk melding om brannen 14.55. Ifølgje konstituert brannsjef Erik Walden, trudde dei det fyrst var snakk om husbrann.

Når dei kom fram, viste det seg at det var ein båt som stod i full fyr.

To bebuarar skal ha prøvd å sløkkja brannen med hageslangar utan å lukkast.

Brannvesenet kom til staden og fekk sløkt brannen etter sju minutt, ifølgje Walden.

Båten stod i eit område med rekkehusbebyggelse, og brannmannskapet var ei stund redd for at brannen skulle spreia seg.

Klokka 15.15 kunne dei likevel melda om at dei hadde kontroll.

Det utvikla seg svært mykje røyk i samband med brannen. Erik Rosendahl har sendt oss denne videoen.

På staden: Konstituert brannsjef Erik Walden var mellom dei som rykte ut laurdag ettermiddag.