Brann: Det skal ha oppstått ein brann i nokre dekk ved Uno-X-stasjonen fredag kveld.

Melding om brann i dekk: Politiet var snare med å få kontroll på nokre mistenkte

Brannvesenet hadde kontroll på brannen då politiet kom til staden.

Fredag kveld litt etter klokka 22.30, melde 110 Vest på Twitter om at brannvesenet og politiet rykte ut etter melding om brann i dekk i Os.

Vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning opplyser at brannvesenet er på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det skal vera brann i nokre dekk ved Uno-X. Eg er ikkje sjølv på staden, men har fått opplyst at dei har kontroll, fortel vakthavande.

OPPDATERT: Kring klokka 23 reiste brannvesenet frå staden. Dekka skal ha blitt dynka godt med vatn.

Dynka i vatn: Brannvesenet dynka dekka med vatn.

Klokka 23:09 melder politiet på Twitter at dei har kontroll på nokre ungdomar som dei mistenkjer har noko med brannen å gjera.

Vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning opplyser at då dei kom til staden, hadde brannvesenet kontroll på brannen. Ein patrulje snakka med nokre ungdomar eit stykke bortanfor bensinstasjonen, medan ein annan var att på staden.

— Mistenkjer de at dei ungdomane har tent på?

— Vi held på med etterforsking, og må undersøkja om dei kan ha hatt noko med dette å gjera.

— Kven melde frå om brannen?

— Det var nokon her som observerte brannen.