Fekk melding i natt: Politiet har vore i kontakt med begge partane i det som kan ha vore eit tilfelle av vald.

Melding om mogleg valdshending frå taxipassasjer

Natt til fredag kom meldinga inn til politiet.

I ein e-post opplyser fungerande politioverbetjent, Morten Haugland, om ei hending natt til fredag. Meldinga skal ha kome litt før halv to.

— Melding om ei mogleg valdshending frå ein taxipassasjer. Skal ha skjedd nord for Os, skriv Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mistenkte er ei kvinne i 30-åra. Begge partar er avhøyrd av politiet.

— Det er oppretta sak. Det er ikkje meld om personskade på fornærma, skriv Haugland.