91 år: Hans M. Vindenes ville blitt 91 år i mars.

Minneord om Hans M. Vindenes

Me kjende på sorg, men mest på vemod og takksemd, då meldinga kom om at Hans M. Vindenes er gått bort. Han ville blitt 91 år i mars.

Hans`n (som alle kalla han) var ein ordensmann og la vekt på vedlikehald og grundig arbeid. Det kunne alle sjå som kom innom den velstelte garden hans i Vinnestunet. Men han tok i tillegg uoppmoda ansvaret for at heile bygda skulle presentera seg på ein fin måte. Særleg framfor høgtidsdagar som 17. mai og pinse, men òg føre vanlege helger kunne du treffa Hans`n , når han tok den siste finpussen på bygningar eller uteareal. Ofte tok han natta eller tidlege morgontimar til hjelp for at bygda skulle "skina" i høgtida, og tilreisande skulle få eit godt inntrykk av den vakre bygda vår.

Som næraste nabo til den no nedlagde butikken, tok Hans'n ansvar for at fasaden vart pussa, stelt og målt. I det heile likte Hans å bruka målarkosten. Og det skulle sjølvsagt vera beste sort måling og med grundig forarbeid. Det er ikkje ein einaste fellesbygning i bygda som ikkje Hans'n har fare over med beste sort Drygolin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hans engasjerte seg og leia store delar av arbeidet med nytt tilbygg på skulen vår då den vart opna att i 1995, og la ned mange dugnadstimar her. Han stod også for storparten av utvendig måling då den nye barnehagen vart bygt. Vidare tok han vedlikehaldsansvar for bedehuset Fredheim då det fekk bruksendring til kulturbedehus. Dette huset er over 100 år, og hadde ikkje sett slik ut i dag utan Hans sin innsats.

Men mest av alt vil me hugsa Hans for den trottige innsatsen for storstova vår, Nesjaheimen. Heilt frå Nesjaheimen vart bygt tidleg på 60-talet, har Hans vore ein aktiv deltakar for å halda huset i orden og aktiviteten gåande. Han raka nedfallslauv rundt huset og sjekka takrenner fleire gonger kvar haust, og ved kraftige regnvèr rykte han ut til "alle døgnets timer" for å leia vatnet dit det skulle, og dermed hindra skade på eigedomen. Han pussa og stelte Nesjaheimen nærast som sin eigen heim. I Nesjaheimslaget var Hans fast medlem, og også leiar og styremedlem i mange tiår.

Og midt oppi alt dette, var det bonde han var, og ein særs dyktig bonde. I unge år dreiv han stort med grønnsakdyrking. Mang ein ungdom fekk si fyrste arbeidserfaring i gulrotåkeren til Hans’n.  Seinare var det forproduksjon og mjølkekyr som kravde tida hans. Også i organisasjonslivet i landbruket gjorde han ein stor innsats, særleg i det lokale bondelaget. Han var engasjert, og røysta hans vart lytta til.

Idrettsmannen Hans M. er ei side ved han som er lite kjent i dag. Han var ein habil mellomdistanseløpar og aktiv i friidrettsmiljøet på Vinnes.Han var ein av initiativtakarane til Strandvikstafetten, og det seiest at før den årlege stafetten var det store spenningsmomentet for konkurrerande lag kva etappe Hans’n skulle springa.

Hans sette også spor etter seg som den personen han var. Kven (av den eldre garde) hugsar vel ikkje Hans'n når han med sterk songrøyst framførte sitt glansnummer frå scena i Nesjaheimen: "Me bur på Vidnes, de kan vel sjå da, at her e saltande fint å bu". Hans'n hadde glimt i auga og kunne koma med gode historier i godt lag.

Dei seinare åra vil sikkert mange hugsa Hans'n når han kvar sumar slo plenane langs fylkesvegen i tillegg til grøntarealet ved skulen og barnehagen. Då sat han rak i ryggen på plentraktoren og pussa eit fellesareal langs vegen som ingen andre tok ansvaret for. Og dette heldt han fram med heilt til sist sumar.

Me er så takksame for den enorme innsatsen Hans`n har gjort for bygda vår. Han var heile bygda sin "vaktmeister". No er det opp til oss andre å vidareføra den store arven etter Hans og ta ansvar for fellesskapet slik han gjorde. I djup takksemd lyser me fred over Hans M. Vindenes sitt minne.

For

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesjaheimslaget

Vinnes friskule

Vinnes barnehage

Kulturbedehuset Fredheim

Fusa bondelag

og bygdefolket på Vinnes