Delte raust: Norvald – eller «Nors`n» mellom vener – demonstrerte tidleg sine rike musikalske talent, som han delte raust med alle.

Minneord: Til ein god ven

Eg sa til han at det viktigaste er ikkje eit langt liv, men eit rikt liv. Då kom det eit lite smil, og han klemde meg lenge i handa.

Då eg på Os sjukeheim besøkte min gode ven gjennom mange år, Norvald Kobbeltvedt, var han blitt veldig svak, men vi kunne kommunisera gjennom lange og gode handtrykk. Det vart ei uforgløymande stund, og vi henta fram fine minne gjennom femti år. Eg sa til han at det viktigaste er ikkje eit langt liv, men eit rikt liv. Då kom det eit lite smil, og han klemde meg lenge i handa. Eg veit ikkje mange andre som det med større rett kan seiast at det er ein rikdom av gode minne om, enn etter Norvald.

Frå sin tidlege ungdom gjekk han inn og ut av våre stover på Lurane, og han vart med i ungdomsklubben i KFUK og KFUM. På sin rolege måte og med sitt lune smil sa Norvald at han gjerne kunne overta gitarakkompagnementet til allsangen, og seinare sa han ofte at det var mine tre enkle grep på gitaren som inspirerte han til å ta fatt. Dette var nok ein høfleg understatement-kommentar, full av velvilje, for det viste seg raskt at Norvald låg mange divisjonar over meg på det musikalske feltet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg hadde gleda av å hjelpa far hans, Aksel, med å få flytta den gamle røykstova frå 1600-talet heim i tunet, etter mange år i utmarka, som skinnflor. Men det vart først og fremst Norvald, saman med sin store kjærleik i livet, den friske og sjarmerande arendalsjenta Inger, med sitt gode humør, som skulle koma til å fylla denne gamle stova med nytt innhald. Til Ingers 50-års dag hadde ein av deira gode vener, Arnfinn Haga, skrive eit kvad om dei kvalitetane sjøfartsbyen Arendal hadde, samanlikna med den vesle bygda ved Bjørnafjorden: «… Så gjekk eg der og kvadde, om alt me ikkje hadde. Men rett skal vera rett: Me hadde Norvald Kobbeltvedt».

Gjennom sitt lange samliv skapte Inger og Norvald ein kulturell og sosial samlingsstad i tunet og stovene på Hauge som saknar sidestykke i Os. Det er mange av oss som i dag har rike og gode minne frå dette sosiale midtpunktet i bygda, med julemøte, nyårsfestar og fine samlingar i gamlestova, som er prydd med symbolmotiv frå mange århundre.

Norvald – eller «Nors`n» mellom vener – demonstrerte tidleg sine rike musikalske talent, som han delte raust med alle. Han var eit naturleg midtpunkt i alle samlingar når han greip gitaren, med fine viser og soloparti – likevel ikkje ein solospelar, men i ordets rette forstand ein medspelar som hadde ei sjeldsynt evne til å få med andre, i grupper, kor og orkester – gje oss oppgåver og dra oss med. Gamle blueslåtar og visene til Ivar Medaas og Jakob Sande i godt venelag var sosiale og musikalske høgdepunkt, og i Varpes trio løfta han sine vener til nye høgder.

Men etterkvart viste han også sitt store potensiale som musikalsk leiar, som kordirigent, som komponist og arrangør. Musikaren i vår familie, Aasmund, seier at det er ingen som har inspirert han slik som Norvald, med si interesse for salmar, jazz og kyrkjemusikk.

Dei seinare åra kom dette fram til fulle. Gjennom den fine folketonemessa som vart framført hausten 2020 i Os kyrkje, har Norvald gitt eit bidrag som i ettertid vil bli ståande, til glede og inspirasjon for mange, langt utanfor Os sine grenser.

Det same gjeld hans salmetonar og tonesette bibeltekstar og i høgste grad melodien til ein vakker ode til Bjørnafjorden, «Utsyn frå Mobergsneset», med tekst av Jimmy Øvredal, ved opninga av Oseana.

Ein komposisjon som Norvald sjølv sette høgt, og med god grunn, er hans tonesetting til ein av songane i kyrkjespelet «Jeremia», skrive av Eyvind Skeie; «Å, om mitt hode var vann» – ei perle av melodi og teksttolking.

Vi snakka ofte om den fine formuleringa i den nynorske kyrkjebøna: «Du har gjeve oss å ha ein heim i di kyrkje på jorda», og nettopp denne kjensla var det nok mange som hadde i familiegudstenestene. I våre unge år var Norvald den sentrale medspelaren og leiaren for det musikalske opplegget, og vi har sjeldan opplevd song som om taket ville løfta seg i den fullsette kyrkja, når alle stemte i «Vi sätter oss i ringen och tar varann i hand» – ein sang som alle familiane etterkvart kunne svært godt – akkompagnert av Kobbeltvedts klangfulle kvintett. «Full kirke og tom prekestol» var oppslaget i BT sin reportasje frå ei av desse familiegudstenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alle år var han ein musikalsk regissør i særklasse, og i dei mange gudsteneste-verkstadene var det stadig nyskrivne melodiar og arrangement. Der viste han på sin joviale og oppmuntrande måte sin allsidige kapasitet. Han var ein av initiativtakarane til Os Y`s Men`s Club, som støtte for det kristne barne- og ungdomsarbeidet, og han var også ein skatta medspelar i Os spelmannslag.

Dei seinare åra hadde ein del av oss eit fint felleskap, i lag med Inger og Norvald, gjennom reiser til Hellas og middelhavsstrendene, med mange herlege opplevingar. Ein dag etter lunsj i Tolo på Peloponnes, medan vi tok det litt med ro før ettermiddagsbadet, var brått Norvald og Arvid borte, og vi forsto ikkje heilt kvar det var blitt av dei. Etter ei stund oppdaga vi to herrar i solhattar og shorts koma vandrande i sjøkanten, med kvar sin nyinnkjøpte notekoffert i finaste skinn. Så kunne vi endeleg setja oss ut i det veltempererte Middelhavet, på campingstolar, og dra gjennom den klassiske blueslåten «Who`s sorry now?». Og ved midnattsbad i Monemvassia, med fullmåne over havet, stemte vi opp med ei fleirstemt Bellmann-vise: «Vila vid denna källa …»

Store høgdepunkt var det å koma til amfiteateret i Epidauros, til Olympos og kanskje særleg til Korint, der vi vandra i gamlebyen ei varm kveldstund og kunne lesa Paulus sine velkjende ord i det første brevet til kyrkjelyden i Korint, i kapittel 13, om kjærleiken: «Så vert dei ståande desse tre: Tru, von og kjærleik. Men størst av desse er kjærleiken».

Frå dei mange venene lyser vi fred over Norvalds gode minne.

Nils Georg Brekke