Politilogg frå helga.
Politilogg frå helga.

Mistenkjelege polakkar observert i Kuvågen-området

Ifølgje Os lensmannskontor var det stort sett roleg i helga i Os. Men eit par hendingar har dei notert på blokka.

* I 14.30-tida får dei melding om at polakkar i arbeidstrekk går rundt i Vågadalen/Kuvågen og bankar på dørar i området. Det er uvisst kva ærend dei hadde, men det kunne virka litt mistenkjeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Laurdag 18.30 - Ein mann i 30-åra blir observert utan sko og sokker i vegbanen. Politiet får fleire meldingar om dette. Mannen er borte når politiet kjem til staden.

* Klokka 21.30: Ein  vrang gjest på ein uteplass i Os sentrum. Blir gjeve pålegg av politiet og blir bortvist frå Os sentrum. Likevel kjem same mann tilbake på same uteplass kring midnatt. Då fremstår han som aggressiv. Deretter blir han køyrd heim av politiet. Mannen var i 30-åra og av polsk opprinning.

* Søndag klokka 10.45 blir ein campingvogn avskilta på E39 ved Søfteland ettersom den eigaren ikkje har framstilt den for EU-kontroll.