Politiet i Os åtvarer om at det framleis vert stole båtmotorar frå hamner i Os. Politiet bed folk om å vera på vakt, og om å melda frå til politiet.

Mistenkjer organisert tjuveri: Båtmotor med 150 hestekrefter stolen frå Askvik

– Alle opplysningar er viktige for oss. Terskelen for å melda frå til politiet, må vera låg, seier politioverbetjent ved Os lensmannskontor Atle Birkeland.

Birkeland ønskjer å åtvara publikum om at det framleis vert stole båtmotorar i distriktet, nabodistrikta og andre stader. Han bed om at terskelen for å melda frå til politiet må vera låg.

– Søndag kveld forsvann det ein båtmotor med 150 hestekrefter frå Askvik. Tjuveriet fann stad i tidsrommet 20.45 til 21.00. Leidningane var klypte av, og motoren borte, opplyser politioverbetjenten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Birkeland bed publikum om å vera årvakne, og om å melda frå ved mistenkjeleg åtferd.

– Det kan vera folk som er ute på dagtid for å rekognosera litt, sjå på båtar, og finna ut korleis det er mogleg å koma seg til og frå staden, seier han.

Les også
Åtvarar mot påhengsmotor-tjuvar

Den siste tida har det vore fleire tjuveri både frå Os, Fusa, Kvam og Nordhordland. Politiet mistenkjer at tjuveriraida er organiserte.

– Det mogleg at motorane forsvinn ganske raskt ut av landet, men vi veit det ikkje sikkert, seier han og legg til:

– Alle opplysningar er viktige for oss. Alt frå registreringsnummeret på bilen og type bil til personar.

Elles kan politiet i Os fortelja om eit roleg døger. Ein bilførar vart meldt for å ha køyrt bil utan registreringsskilt måndag kveld.