Kollisjon: Ein bil skal ha kollidert i ein annan bil ved Halhjem ferjekai søndag kveld.

Mistenkt var ikkje samd i førarkortbeslag etter påkøyrsel bakfrå

Søndag kveld skal to bilar ha vore involverte i ein kollisjon ved ferjekaien på Halhjem.

Søndag i 21.15-tida skal ein bil ha blitt køyrd på bakfrå ved ferjekaien på Halhjem. Det opplyser politiet i ein e-post.

— Det var ikkje alvorleg personskade. Materielle skader på begge bilane. Ein bil er ikkje køyrbar, opplyser politioverbetjent, Christine Grindstein ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv Grindstein om at hendinga medførte førarkortbeslag. Mistenkte samtykka ikkje.

22 bilar kontrollerte

Politiet ved Utrykkingspolitiet (UP) hadde søndag formiddag kontroll ved Os sentrum.

Det var fokus på promille/rus. Der blei 22 bilar kontrollerte. Ingen reaksjonar.

Lysfeil

Ein bil blei stansa natt til søndag på Lyseklostervegen. Føraren, ein mann i slutten av 20-åra, fekk pålegg om å utbetra feil ved lys bak på bilen, då desse ikkje fungerte som dei skulle, opplyser politiet. Førar fekk beskjed om ikkje å køyra bilen før lysfeil var fiksa.