Mottek beviset: Ketil Dybfest, dagleg leiar ved Montér Os, mottek utmerkinga frå ordførar Trine Lindborg.

Montér fekk overrekt beviset på at dei er Miljøfyrtårn

Ordførar Trine Lindborg stod for overrekkinga onsdag.

Optimera sentralt, som Montér er del av, vart sertifisert i februar 2020. Montér i Kolskogen vart sertifisert i november i fjor. I dag fekk dei sjølve utmerkinga overrekt av ordføraren.

Kjeldesortering i inne- og ute-butikk, miljøvenlege koppar og sortering av alle byggjemateriala, er berre nokre av tiltaka verksemda gjennomfører. Dei har også teke i bruk signerings-iPad for å unngå utskrift av papir, og i 2019 byta verksemda til el-truckar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Optimera skriv i ein felles uttale at «miljø og berekraft er eit felles ansvar, og ei prioritert satsing hos oss».

– Miljøfyrtårn gjer det lettare for Optimera å strukturera og få heilskapleg kontroll på miljøarbeidet. Kriteria gjer også at vi må tenkja nytt og vidareutvikla rutinane våre, heiter det vidare.

Samtlege sjølveigde Montér-butikkar her i regionen er no sertifiserte, inkludert distribusjonslageret på Ulven.