Enda med melding: Det var fleire motorsyklistar som fekk sykkelen avskilta onsdag kveld. Éin av førarane stakk frå staden då politiet kom.

Motorsyklist stakk frå politiet

Politiet kontrollerte fire motorsyklar/lett-motorsyklar onsdag kveld. Éin sykkel stakk då politiet kom.

I ein e-post opplyser politiet om kontrollen dei utførte onsdag kveld.

Dei skal ha stoppa fire motorsyklistar ved Byvegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ein sykkel stakk frå staden då politiet kom. Vedkomande mangla skilt og forholdet er meldt. Dei tre andre syklane blei avskilta på staden på grunn av tekniske årsaker, skriv politioverbetjent Atle Birkeland.

Det skal ha mangla både blinklys, baklys, spegel, og dekk skal ha vore slitne.

— Dette var unge førarar mellom 16—19 år, skriv Birkeland.