Politiet ber båteigarar om å sikra motorane sine når dei no skal sjøsetja båtane.
Politiet ber båteigarar om å sikra motorane sine når dei no skal sjøsetja båtane.

Motortjuveri-sesong: Snart kjem båtane på vatnet. Då kjem også tjuvane

– Eg har jobba som politi her i om lag fem år. Eg veit at det no kan vera lurt å gå ut og åtvara fusingane, seier politibetjent, Kjartan Svendsen.

Det har ikkje kome inn meldingar om tjuveri av påhengsmotorar i år. Det er berre det at Svendsen har nokre år bak seg som politibetjent i Fusa, og veit at det kan vera lurt å åtvara mot tjuvar på dette tidspunktet.

– Det er mange som sjøset båten sin kring påske. Då er det lurt å festa motoren med hengjelås og vera på utkikk, seier Svendsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva meiner du med å vera på utkikk?

– Då tenkje eg at ein følgjer med på om det er folk som går og sniker på båtane. Det er lite slike meldingar no, men det har skjedd før, seier Svendsen og legg til:

– Båtmotorar er noko tjuvar ser gevinst i. Ver på vakt, seier Svendsen.