To nærkontaktar: To nærkontaktar har heilt sikkert òg hatt denne virusvarianten, men berre prøva til mannen i 50-åra blei sendt til mutasjonsanalyse, kommenterer Klaus Melf.

Mutert koronavirus påvist i Bjørnafjorden - to nærkontaktar har truleg også hatt denne varianten

Meldinga om den positive prøven kom 2. januar, men ved ein feil vart det ikkje informert om dette smittetilfelletfrå kommunen. No er analysesvaret klart.

Kommunen skriv tysdag at ein mann i 50-åra fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune 2. januar i år. Testen blei tatt i Bergen 31. desember og kommuneoverlegen fekk melding om positiv prøve 2. januar.

– Mannen testa seg etter nærkontakt med ein person som kom til Noreg frå Storbritannia. Prøva blei difor vidaresendt til Folkehelseinstituttet for analyse, i tråd med gjeldande smittevernreglar, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Analysesvaret er no klart, og viser at mannen hadde den muterte varianten av koronaviruset som først blei påvist i Storbritannia.

Les også
Jonas Nordvik Dale: — Ingen grunn til å bli redde

– Meir smittsam variant

Denne muterte varianten av koronaviruset er rekna som meir smittsam enn det opphavelege viruset, men skal ikkje gi auka fare for alvorleg sjukdom.

Mannen smitta, ifølgje kommuneoverlege Klaus Melf, to nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune, som begge er blant dei åtte positive tilfella vi melde om 4. januar.

– Desse to nærkontaktane har heilt sikkert òg hatt denne virusvarianten, men berre prøva til mannen i 50-åra blei sendt til mutasjonsanalyse, kommenterer Melf.

Kommunen har testa alle nærkontaktar til smittetilfelle påvist 4. januar.

– Alle testar er negative, inkludert kontrollprøvene vi fekk svar på i går kveld (måndag). Vi har difor ingen grunn til å tru at den muterte virusvarianten har spreidd seg vidare frå desse tilfella, seier Melf.