17, 1 grader: På Peraneset på Fusa vart badetemperaturen måndag morgon målt til 17,1 grader.

Når helga nærmar seg kan gradestokken krypa opp mot 23-24 grader

Bjørnafjordingane har ei ny, fin sommarveke i vente. Men det er først når helgen nærmar seg, at temperaturen kryp over 20-talet.

Det opplyser vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Haldis Berge.

Berge fortel om tilskyande vêr måndag, vestlig bris frå i ettermiddag, og regn og yr til natta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Morgondagen startar med litt regn og yr, men i morgon ettermiddag vert det opphaldsvêr og periodar med sol, seier Berge og legg til:

– Onsdag vert det stort sett fint vêr, men med ein liten mogelegheit for lokal tåke onsdag morgon.

17,1 grader i sjøen på Peraneset og i Mobergsvikjo

Ifølgje meteorologen aukar den nordlege vindretninga på utover i veka, men frå torsdag av vert vinden svakare. Temperaturane i starten av veka vil liggja mellom 15 og 18 grader. Onsdag kan det bli opp mot 20 grader, og når helga nærmar seg, torsdag eller fredag, vert det endå meir sommarleg.

– Når nordavinden slepp taket, anten fredag eller laurdag, kan det bli opp mot 23-24 grader, opplyser Berge.

Samstundes er det, i same periode, mogelegheit for lokale ettermiddagsbyger i indre område.

– Jo lengre inn i fylket ein kjem, jo større er faren, men alt i alt ser det ut som ei fin veke, er beskjeden frå Meteorologisk institutt.

Det er med andre ord ingenting i vegen for eit dypp i sjøen denne veka heller. Om ein vel å bada heile veka, eller berre mot slutten, kjem an på kor vågal ein er. Ifølgje badetassen.no, vart badetemperaturen måndag morgon målt til 17,1 grader på Peraneset på Fusa og i Mobergsvikjo på Os. På Vinnesholmen var det ørlite kaldare, med 16,9 grader.