Skal undersøkja nærare i dagslys: Det var i dette området på Svegane i Os det fredag kveld vart meldt om eit mogleg ras. Førebels er det ikkje observert noko ras, men området skal undersøkjast nærare i føremiddag.

Natt til laurdag: – Enno ikkje sett noko ras i området

Natt til laurdag var det enno ikkje observert noko ras på Svegane i Os. Staden vert undersøkt nærare i føremiddag.

Kl. 22.22 fredag kveld meldte ein bebuar på Svegane i Os om at han hadde høyrt steinar/ras frå eit område bak huset sitt.

Politiet rykte ut til staden, og 21 personar vart evakuerte frå husa sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 01.26 kom den førebels siste meldinga frå Vest politidistrikt på Twitter.

– Enno ikkje sett noko ras. Berre høyrt lyder i området bak husa.

Politiet meldte også at alle dei 21 personane var dregne frå staden, og at naudetatane hadde hjelpt ein familie på fire med innkvartering.

– Dei andre bebuarane har ordna seg sjølv. Ingen vegar er stengte . Området vert undersøkt vidare i morgon føremiddag, lydde meldinga frå politiet i natt.

Os og Fusaposten har laurdag morgon søkt å koma i kontakt med politi og brannvesen for ytterlegare informasjon i saka, men har førebels ikkje lukkast.

Les også
21 personar evakuerte etter melding om mogleg steinras
Ras?: Fredag kveld vart det meldt om eit mogleg ras på Svegane i Os. Ein bebuar i området har høyrt lysar frå fjellsida bakom husa.