Brann: Naudetatar rykte ut etter melding om røykutvikling onsdag ettermiddag. (Lesarfoto)

Naudetatane rykte ut etter melding om røyk frå bygning

Brannvesenet rykte onsdag ettermiddag ut til bygning i Kolskogheiane.

Meldinga kom like før kl 16 onsdag ettermiddag.

Brannvesenet var på staden ca 16.10, og melde at det kom svart røyk frå staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her veltar røyken ut (lesarvideo):

Politiet var også på staden, og opplyste at røykutviklinga mest sannsynleg skuldast brann i eit sikringsskap.

Brannvesenet stadfesta kl 16.15 at det var snakk om brann i eit sikringsskap, og at dei då hadde kontroll på gass i bygget.

– Vi har kontroll på staden, og det er ikkje trong for fleire ressursar, opplyste brannvesenet.