Seks prikkar: – Er du fersk sjåfør svir det ekstra med seks prikkar. Du mister faktisk lappen ved åtte prikkar, så det gjeld å ha fokus på vegen, understrekar Henrik Pettersen Sunde i Ung i Trafikken.

Nedgang på 18 prosent. Men Ung i Trafikken fryktar store mørketal

680 personar vart bøtelagt for mobilbruk bak rattet i Vest politidistrikt i første halvår i 2021.

I heile landet er talet 7.953 personar.

Samanlikna med same tid i fjor, er nedgangen i Vest politidistrikt på 18 prosent. Ung i Trafikken, Norges einaste trafikktryggleiksorganisasjon for ungdom, fryktar store mørketal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skal glede oss over reduksjonen, men fryktar likevel at mørketala er store. 680 personar vart bøtelagt for mobilbruk i distriktet – noko som er 680 personar for mykje. Det er ingen tvil om at merksemda vår vert svekka ved bruk av mobil, seier kommunikasjons- og samfunnskontakt i Ung i Trafikken, Henrik Pettersen Sunde, i ei pressemelding.

Frå og med 2021 auka satsane for bøter for bruk av mobiltelefon i trafikken. No får du 5.000 kroner i bot, og heile tre prikkar på førarkortet dersom du vert teken på fersken. For sjåførar som har prøvetid, vert straffa heile seks prikkar. I fjor var boten på 1.700 kroner, og du fekk to prikkar.

– 5.000 kroner er eit merkbart beløp for dei fleste, og er du fersk sjåfør kan det svi ekstra med seks prikkar. Du mister faktisk lappen ved åtte prikkar. Så det gjeld å ha fokus på vegen, understrekar Sunde.

Auke blant dei yngste

På landsbasis vart 934 personar i aldersgruppa 18–24 år bøtelagt. Det tilsvarar ein auke på fire prosent, samanlikna med første halvår i 2020.

Sjølv om auka er liten, uroer det Ung i Trafikken at haldningane til dei yngste ikkje er betre.

– Å bruka mobiltelefon bak rattet er farlig, enkelt og greitt. Mange unge tenkjer kanskje at «ei trafikkulukke skjer ikkje meg», men slike haldningar er ikkje godt nok. Heile tre av ti dødsulukker i trafikken kan faktisk koplast til mobilbruk, fortel Sunde og legg til:

– Mitt og ditt liv er mykje meir verdt enn eit sekunds uoppmerksamheit frå ein sjåfør som ser på mobiltelefonen under køyring. Uavhengig av kven som er verst, håpar vi bilistane legg mobilen i lomma medan dei er på vegen. Vi har ingen å mista, understrekar Sunde i pressemeldinga.