Stor stas: Så glad blei rektor Ingrid Klemetsen Bøthun då ho fekk nyhendet fredag føremiddag. Her saman med mellomtrinnet på Fusa barneskule.

– Nei, er det sant! Kor kjekt! No blei eg litt sett ut

Slik reagerte rektor på Fusa barneskule, Ingrid Klemetsen Bøthun, då ho fekk vita at hennar skule er ein av dei som får utstyr frå Plantasjen og høve til å vera med i konkurransen som omfattar heile Norden.

Plantasjen inviterte tidlegare i februar tre barnehagar og tre småklassetrinn til å dyrka grønsaker/krydder i pallekarmar med utstyr som dei får dekt av Plantasjen. Dagleg leiar i Plantasjen Os, Renathe Reigstad Ravnskog, delte eit Facebook-innlegg i gruppa Oppslagstavlo i Os, der ein kunne nominera barnehagar eller skular. Responsen var stor.

– Heilt enormt kor folk engasjerte seg. Det kom over 200 kommentarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnarane blei trekt fredag. Ravnskog fortel at dei trekte med hjarta og ut frå tal nominasjonar i kommentarfeltet.

– Foreldre, rektorar og tilsette har gjort ein stor jobb. Heilt fantastisk oppslutnad.

Heile Fusa barneskule er trekt ut som ein av dei tre småskuletrinn-representantane. Dette fordi det berre er 45 elevar på skulen. Rektor Ingrid Klemetsen Bøthun var ikkje klar over at dei hadde blitt trekt ut då Os & Fusaposten ringde.

– Nei, er det sant! Kor kjekt! No blei eg litt sett ut.

Skulen kan enda opp med å vinna gåvekort til 10.000 kroner i den store konkurransen.

Ravnskog fortel at Plantasjen har 144 utsalsstader i Skandinavia. Ho er usikker på kor mange som satsar på dette, og kor mange kvar enkelt har valt ut, men at det nok er om lag 5-6.00 deltakarar som konkurrerer.

– Dei skal senda inn bilete og dokumentera kva dei har gjort. Det dei får frå oss, er pallekarmar, jord, frø og reiskapar, slik at dei har det dei treng for å kunna lukkast. For å ta del i konkurransen må ein pynta opp ein pallekarm eller byggja insekthotell.

For Fusa barneskule sin del er det ikkje primært sjansen til å vinna gåvekort som ligg bak at dei ønskte å ta del.

Artikkelen held fram under annonsen.

– At vi ville vera med på dette handlar om mange og mykje større ting enn gåvekort. Det handlar om berekraftig utvikling. Det er eit tverrfagleg tema som skal gå att i alt vi gjer. Om vi byggjer ein grønsakshage, må alle ta del i det og ta vare på det. Eg starta i jobben som rektor her 1. februar, og ville byggja vidare på fellesskapen på skulen. Det var litt det eg tenkte då eg melde oss på. Eg blei litt overvelda no, kjenner eg, seier Bøthun.

Her er alle dei heldige:

Barnehagar:

Vinnes, Flåten Naturbarnehage og uteavdelinga Trollstuen i

Nøtteliten barnehage.

Småklassetrinn:

Klasse 5A på Nore Neset. 1. trinn på Kuventræ og Fusa barneskule.