Os ungdomsskule: Totalt 24 personar er smitta som følgje av smitteutbrotet her.

Ni nye smitta søndag

Seks av desse er knytte til 8. trinn ved Os ungdomsskule.

Ni personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, søndag.

Seks av desse er knytte til 8. trinn ved Os ungdomsskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire av dei er elevar på 8. trinn, og to er føresette til elevar på 8. trinn.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

Tre andre utanom ungdomsskulen

I tillegg har ei kvinne i slutten av tenåra fått stadfesta covid-19.

Smittevegen er kjend og frå ein annan kommune. Nærkontaktar er varsla.

Den neste er ei kvinne i 50-åra.

Smittevegen er kjend og nærkontaktar er varsla.

Den siste er ein mann i 50-åra. Smittevegen er kjend og nærkontaktar er sett i karantene.

Ny test for elevar

Så langt er totalt 24 smittetilfelle knytta til utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er snakk om 20 elevar, tre føresette og ein lærar.

Det er fem klassar på trinnet: A-E.

Kommuneoverlegen har bedt elevane i to av desse klassane som fekk negativt svar på den første testen, om å testa seg på nytt i dag. Dette betyr òg at husstandsmedlemene til elevane i desse to klassane blir bedne om å gå tilbake i ventekarantene.

Alle som blir bedne om å ta ny test, fekk melding om dette frå kommuneoverlegen søndag kveld.

— Ettersom så mange elevar og føresette frå 8. trinn har fått påvist covid-19, er det svært sannsynleg at endå fleire på trinnet er smitta.

Det er nemleg mogleg at den første testen blei tatt for tidleg i forløpet for nokre.

— Vi ønskjer difor at alle elevane i karantene tek ein ny test, for å vera sikre på at ingen går rundt med skjult smitte, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

— Eg har full forståing for at dette kan vere både tungvint og irriterande, men det er dessverre naudsynt for å hindra eit endå større utbrot, seier Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Informasjon om smittetal

Kommuneoverlegen mottar prøvesvar spreidde utover heile dagen og kvelden.

Som hovudregel informerer kommunen difor om samla smittetal neste dag, for å gjere det så oversiktleg som mogleg.

Alle som får påvist smitte og deira nærkontaktar får beskjed direkte og fortløpande.