Forbodet mot å dra på hytta har ført til lite trafikk i dei populære hytteområda i landet, som her på Hovden i Setesdal.

NIM: - Hytteforbodet grip inn i menneskerettane

Forbodet mot å overnatta på hytta er eit inngrep i menneskerettar som bevegelsesfridom, meiner Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).

Regjeringa forbaud torsdag folk å overnatta på hytta viss den ligg utanfor heimkommunen. Brot på forbodet medfører ei bot på 15.000 kroner.

Les også
Hytteeigar: - Forskjell på Bjørnafjorden og store hyttekommunar

Fleire har reagert på forbodet, og Folkehelseinstituttet (FHI) har uttalt at det ikkje er basert på faglege råd frå dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slike inngrep kan staten lovleg gjera, men då må det vera nødvendig og forholdsmessig, seier direktør Matheson Mestad i NIM til NRK.

Ho seier forbodet kan vere eit inngrep i beskytta menneskerettar som bevegelsesfridom, retten til privatliv og eigedomsretten.

– Dette er vanskelege avvegingar, som må gjerast veldig raskt. Det er forståeleg at saksbehandling må forenklast. Men det er eit problem at såpass inngripande tiltak som dette skjer utan høyring, seier Matheson Mestad

Helse- og omsorgsdepartementet viser til at det ikkje var tid til å gjennomføre ein høyringsprosess, og at det viktigaste var å redusera kontakten mellom folk så fort som mogleg.