Bøtta ned: Etter at det har regna jamt onsdag formiddag, opna slusene seg for alvor kring klokka 12.30 i dag.

No er det grått og trist: Vêret for 17. mai ser heilt annleis ut

— Ja, det er framleis ei knapp veke til 17. mai, men eg blir svært overraska om ikkje vêret blir slik det ser ut no, seier Lars Andreas Selberg.

Det har vore grått onsdag formiddag, og på eit tidspunkt bøtta det verkeleg ned. Då tok vi kontakt med Meteorologisk institutt og vakthavande meteorolog, Lars Andreas Selberg, for å “lodda stemninga” mot starten av neste veke. Tysdag skal ein jo feira nasjonaldagen.

Eit høgtrygg byggjar seg opp

Dei siste par dagane har nemleg langtidsvarselet vist at både måndag 16.- og tysdag 17. mai ser lovande ut, med sol og kring 15 grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Korleis ser vêret ut framover?

— Det er ein del gråvêr i vente dei neste dagane. Det er heller ikkje så varmt. Eg vil ikkje seia at det er unormalt kaldt. Det kan jo også snø i mai utan at det er heilt unormalt, seier Selberg.

På torsdag skal det også regna. Fredag er den dagen der det ser ut til å koma med nedbør, fortel Selberg, men inn i helga skjer det eit skifte.

— Det er fleire lågtrykk som ligg ute i havet i Vest mellom Island og Norge, som set opp sørleg og sørvestlege vindfelt. Det vil blåsa litt utsette stader. Utviklinga inn i helga, er at det er eit høgtrykk som byggjer seg opp. Kan henda vi får nokre regnbyer laurdag formiddag, men det vil bli lettare skydekke og betre og betre gjennom helga, seier Selberg.

— Det er jo berre onsdag i dag

Måndag og laurdag ser verkeleg fine ut.

— Det er dei to dagane i langtidsvarselet som peikar seg ut som dei beste dagane. Temperaturar kring 15 grader, ein kan kanskje også sjå 20-talet, seier Selberg.

— De plar ikkje kunna garantera noko, og de er flinke til å presisera at dette er langt fram i tid — og at det er vanskeleg å spå så langt fram. Kor trygg er du på at vêret blir slik det ser ut no?

— Prognosane har vist det same i lang tid no. Eg blir svært overraska om det blir regn og grått på 17. mai. Samstundes tør eg ikkje lova noko. Det er jo berre onsdag i dag, seier Selberg og smiler.