Tenk på andre: Lensmann Oddbjørn Dyrdal bed dei som bryt fartsgrensa om å tenkja på andre vegfarande og i neste omgang førarkortet.

No har meldingane om stygg køyring og svært høg fart starta å auka i omfang

– Tenk på andre vegfarande og risikoen med slik køyring, oppmodar lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Politiet ser at det no er ein tendens at mange vil testa ut fart og «ekstremkøyring».

– Sommardekka er på no. Vi har fått mange meldingar om bilar og motorsyklar som køyrer svært fort. Vi vil nok følgja ekstra med på det miljøet der. Tenk på andre vegfarande og risikoen med slik køyring, oppmodar lensmannen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og i neste omgang førarkortet ditt.

I tillegg til at dei får meldingar om stygg køyring, observerer også politiet sjølv fleire tilfelle no etter at sola endeleg kom fram frå bak skyene.

– Det skjer ikkje berre i vår kommune. Det skjer mange stader. Tørr, bar asfalt og sommardekk. Då skjer diverre ofte dette, seier lensmannen.